Tur: Skageflå-Geiranger

Flott tur som starter fra Geirangerfjorden og opp i fjellet inn til Geiranger igjen.

Lengde: ca 6,5 km Varighet: 4 timer

Turen startar med båt ut Geirangerfjorden frå Geiranger. I Skagehola hoppar ein i land og tek fatt på råsa som smyg seg opp i fjellsida. Terrenget er særs bratt, men på dei mest utsette partia er det hogd ut trinn i fjellet, og råsa er sikra med rekkverk. Dette er ein mykje brukt tur, også av barnefamiliar – mindre barn bør likevel ikkje få gå åleine. Ca. 1 time opp til Skageflå, og 2-3 timar vidare til Homlong.

Flotte utsynspunkt undervegs, og reint majestetisk oppe på garden: utover fjorden og mot Dei sju systrer (Knivselvane).
Frå Skageflå (250 m.o.h.) held den gode råsa fram i bratt og dels luftig terreng opp til Homlongsætra (544 m.o.h). Undervegs passerer ein sætretuftene på Bjønnastien.

Frå Homlongsætra til Homlong er det lett unna på rås som heile vegen går rett innanfor stupkanten mot fjorden. Langs råsa er det fleire merkte kulturminne.

Kreditering: © Yancy Caldwell / Matador Network / www.fjordnorway.com

Lignende aktiviteter

<-script src="/assets/js/vendor.js" defer>