Tur: Storsæterfossen Geiranger

Fottur inn til den populære Storsæterfossen

Varighet: ca 60 minutt en vei

Turen til den populære Storsæterfossen, der stien faktisk går bak sjølve fossen, er ei av dei mest brukte vandrerutene i Geiranger. Det er køyreveg til garden Vesterås (320 m.o.h.) etter smal grusveg, som ikkje er eigna for større køyretøy enn minibuss. Vegen endar i ein parkeringsplass inne på tunet.

Turen startar frå parkeringsplassen, og ein har to ruter å velje mellom i starten. Enten følgjer ein grusvegen 50 meter tilbake forbi utleigehyttene som ligg på venstre hand, og tek av på traktorvegen som leiar oppgjennom slåttemarka. Her står skilt og eit stativ med vandrestavar for utlån på turen. Eller vil du behalde staven etter turen, legg du att NOK 50 i kassa på stativet. Traktorvegen leiar fram til ei grind i skogkanten. Du passerar gjennom grinda og kjem inn på ein godt opparbeidd, steinlagt sti med hundrevis av trappeavsatsar laga av sherpaer frå Nepal og ferdigstilt i 2014.

Den andre ruta går opp langs driftsbygningen i enden av parkeringsplassen. Også her står skilt og stativ med vandrestavar. Denne stien er ikkje steinsett, men er kortare og brattare. 100 høgdemeter høgare oppe i lia kjem den inn på den breie, gode sherpaopparbeidde stien som førar heilt fram til Storseterfossen.

© Terje Rakke / Nordic Life AS / www.fjordnorway.com

Lignende aktiviteter

<-script src="/assets/js/vendor.js" defer>